BOiVEST er det største bustadbyggeleget i Sogn og Fjordane. Vi har lang erfaring innan nybygging, rehabilitering og vedlikehald av alle typar bygg. Av nybygg vi har bygd eller hatt prosjektleiing for er burettslag, sameige, næringsbygg og offentlege bygg mellom anna barnehage, omsorgsbustader, skulebygg og badeanlegg.
Vår tekniske avdeling gjer alt frå A til Å når det gjelder planlegging og gjennomføring av vedlikehalds- og rehabiliteringsoppdrag, vi har lang erfaring med denne typen jobbar. Den solide kompetansen og breie erfaringa gjer at vi kan svare på dei fleste typar spørsmål og ta på oss dei fleste oppgåver av teknisk karakter. Dette gjeld både store og små prosjekt som laga ønsker å gjennomføre.
Vaktmeistertenester
Har burettslaget/sameiget ditt behov for vaktmeistertenester, då kan vi hjelpe deg!
BOiVESTs tilbyr i dag alt frå faste avtalar om vaktmeistertenester til enkeltoppdrag på timesbasis. Vaktmeisterane våre kjem på daglege eller vekentlege besøk - alt etter behov. Vi tek på oss fleire typar oppdrag, og vi har i dag mange burettslag/sameig og næringsbygg som kundar.
Kontakt oss for ein uforpliktande samtale, så tek vi gjerne ei befaring hos deg, for deretter å presentere vårt forslag til løysing for behovet ditt lag har.
Tilsette på Teknisk avdeling
Kontakt BOiVEST