Eit bustadbyggelag er eit privat selskap (føretak), der medlemmane eig ein andel kvar.
Bustadbyggelaget sitt hovudførmål er å skaffe og å forvalte bustader for medlemane.
Som forretningsførar er bustadbyggelaget tenesteleverandør til burettslaga. Det vil seie at vi krev inn månadlege felleskostnader, betaler rekningar, står for rekneskapsføring, handterer lån og forsikringssaker og gjev styra i burettslag/sameige teknisk, juridisk og økonomisk rådgjeving. Bustadbyggelaget arrangerer kurs for burettslagsstyra og kan setje opp langsiktige planar for vedlikehald av burettslaget/sameiget.
I tillegg forhandlar bustadbyggelaget fram medlemsfordeler og rabattar på ei rekke område. Medlemar i BOiVest får også sitt eige Fordelskort som gjev endå fleire fordelar
Bustadbyggelaget er eigarar av GARANTI Eiendomsmegling Vest AS som mellom anna står for sal av nye og brukte bustader i vår regi. Garanti sel alle typar bygg, private bustader og næringseigedom i tillegg til bustader i våre burettslag og sameige.
Vår tekniske avdeling tilbyr bustadrealterte tekniske tenester til beste for medlemane, til dømes prosjektleiing ved rehabiliteringsprosjekt og vaktmeistertenester.
BOiVEST er medlem i Norske Boligbyggelag (NBBL)