BOiVEST sin eigen meklar Garanti Eiendomsmegling Vest AS og deira dyktige eigedomsmeklarar hjelper deg trygt gjennom heile salsprosessen.
Innhente opplysningar
Før salet kan starte må meklar innhente opplysningar og undersøke ein del for å finne relevante fakta. Når ein eigedom eller leilegheit vert seld gjennom eigedomsmeklar, har kjøpar krav på ei salsoppgåve som inneheld opplysningar om eigedomen (jfr. eiendomsmeglerloven (eml) §6-7).
Følgjande opplysningar skal alltid være med i ei salsoppgåve:
1. Eigedomen sin registerbetegning og adresse
2. Eigarforhold
3. Tinglyste forpliktingar
4. Tilliggande rettar
5. Grunnareal
6. Byggareal og angitt alder og byggemåte
7. Eventuell tilgang til utleige av eigedomen eller deler av denne til bustadføremål
8. Ferdigattest eller midlertidig bruksløyve
9. Likningsverdi og offentlege avgifter
10. Forholdet til endelege offentlege planar, konsesjonsplikt og odelsrett
11. Spesifikasjon over faste løpande kostnader
12. Dersom kjøpesum er fastsatt, totalkostnad som omfattar alle gebyr og avgifter og andre kostnader
13. Dersom kjøpesum ikkje er fastsatt, ei samla oppstilling over prisantydning og alle gebyr, avgifter og andre kostnader
14. Kva som er avtalt om meklar sitt vederlag, jf. § 7-2.
Ved sal av burettslagsbustader, andelsbustader og sjølveigarleilegheiter skal også følgjande informasjon innhentast:
1. Lånevilkåra for nedbetaling av fellesgjeld og overslag over månadlege felleskostnader,
samt andre faste kostnader som knyter seg til dette
2. Separat overslag av månadlege felleskostnader etter ein eventuell avdragsfri periode
3. Opplysningar om kjøpar kan holdast ansvarleg for andre sitt misleghald av felleskostnader eller uselde einingar høyrande til prosjektet
4. Relevante rettar og plikter for innehavaren av tilkomstdokumentet, sameigeandelen eller eigarseksjonen ifølgje lov, forskrift, vedtekter, vedtak og avtaler
5. Vesentlege opplysningar om burettslaget, sameiget el. sitt budsjett og rekneskap, samt opplysningar om at desse dokumenta er tilgjengelege hos oppdragstakar
Salsoppgåva
Salsoppgåva er første møte ein kjøpar har med eigedomen og det er viktig at den blir presentert på en god måte med bilete av høg kvalitet og gode skildringar. For å sikre kvaliteten har GARANTI utvikla eigen instruks for produksjon av salsoppgåver.
Eit bilete seier meir enn tusen ord, blir det sagt. Dette gjelder ikkje minst ved presentasjon av bustader. Salsoppgåvene våre inneheld difor ei rekkje store utfallande bilete. For å sikre maksimal kvalitet i produksjonen blir alle salsoppgåvene våre produsert via ei eiga webbasert grafisk teneste. Kjedeleiinga har høve til å drive fortløpande kvalitetskontroll på salsoppgåvene då ein kopi av alle produserte oppgåver blir sendt til kjedekontoret.
Visning
Ved sal av eigedom er visninga svært viktig. For at den skal gjennomførast på ein så profesjonell måte som mogeleg er det viktig at det blir gjort eit grundig førarbeid.
GARANTI hevdar at dei arrangerer dei gode visningane, og i dette ligg at vi strekkjer oss etter å gje:
- Best råd på førehand
- Best oppmøte
- Best skilting
- Best presentasjon av bustaden
- Beste meklarar
- Best pris
Bodrunde
Meklar skal arbeide for at seljar oppnår ein høgst mogeleg pris for eigedomen og det er då viktig at bodrunden vert gjort effektiv. I dette ligg at informasjon om bod blir bringa vidare til alle interesserte så raskt som mogeleg. Samstundes skal meklar underrette seljar om utvikling i bodrunden.
Finansiering
Ved kjøp av bustad har dei fleste kjøparane trong for finansiering. Det må opplysast i bodskjemaet om korleis bodgjevaren tenkjer seg kjøpet finansiert. Dersom kjøpar ikkje har fått endeleg stadfesting på finansiering av kjøpet bør det takast atterhald om finansiering.
Overtaking
Overtaking skjer ved at kjøparen gjennomgår bustaden og ser om den framstår slik den skal etter avtalen. Både kjøpar og seljar underteiknar ein overtakingsprotokoll der det skal framgå om bustaden hadde synlege manglar, eller om alt var som det skulle.
Seljaren må få meklar si stadfesting på at heile kjøpesummen med tillegg av omkostningar er innbetalt før nøkkel kan overleverast til kjøpar.
Overtakinga utløyser fleire juridiske konsekvensar. Mellom anna vil normalt seljar sin rett til å heve avtalen vere avskoren dersom bustaden er overtatt av kjøpar.
Økonomisk oppgjer
Kjøparen betaler kjøpesummen med tillegg av omkostningar til meklar sin klientkonto. Summen må være innbetalt før overtaking. Omkostningane som kjøpar skal dekke er tinglysingsgebyr, eventuell dokumentavgift samt gebyr til forretningsførar. Meklar sine omkostningar blir betalte i si heilheit av oppdragsgjevaren (seljar).
Straks overtaking er føreteke og meklar har motteke signert overtakingsprotokoll, blir skøytet/heimselsdokument sendt til Statens Kartverk for tinglysing. Saman med dette blir og eventuelle pantedokument kjøper sin kreditor(er) skal ha tinglyst. Straks meklar får skøytet/heimselsdokumentet i retur, vil seljar sine pantehefte innfriast og nettoproveny blir overført til seljar.
Seljaren har krav på renter frå overtakingstidspunktet. Har kjøper betalt inn beløpet for tidleg, har han krav på renter frem til overtakingstidspunktet.
Bustadhandboka
I “Bolighåndboken” finn du ein gjennomgang av prosessen ved eit bustadsal. Det er eit omfattande prosjekt å selje bustad, og for dei fleste involverer det de viktigaste økonomiske avgjerslene vi tek i livet. GARANTI Eiendomsmegling er opptatt av at kunnskapen vår sikrar verdiane dine. Vi ønskjer at du skal bli fornøyd med bistand, prisoppnåing og det endeleg oppgjer.
Last ned Bolighåndboken her (pdf)
Garanti Eiendomsmegling Vest AS 