Banneren

BOiVEST - Attraktive bumiljø

Ord og Uttrykk

Avhendingslova

Lov om kjøp og salg av fast eigedom regulerer rettane og pliktene dine ved kjøp av fast eigedom. Sjå www.lovdata.no.

Betalingsklausul
Punkt i ein avtale om korleis betaling skal skje. Vanligvis bli 10% av kjøpesummen innbetalt ved kontraktskriving og restsummen ved overtaking.

P-rom
Bueininga er sett saman av primære rom (P-rom) og sekundære rom.
P-Rom kan vere: Opphaldsrom, soverom, kjøkken, entré, vindfang, gang, bad,
dusjrom, toalett, vaskerom, badstu, rom for kommunikasjon inkludert trapp mellom nemnde rom.
Sekundære rom kan vere: Boder, tekniske rom, garasje.

Bustadareal - BOA
Bruksareal minus kott og boder og evt. pipe er ein enkel definisjon.

Bruksareal - BRA
Areal innanfor innsida av ytterveggane.

Bruttoareal - BTA
Areal innanfor utsida av ytterveggane.

Dokumentavgift
Statsavgift som blir ilagt ved tinglysing av heimselsoverføring av fast eigedom.

Eigarskifteforsikring
Forsikring for seljar mot å komme i ansvar for skjulte feil og manglar ved den selde eigedomen.

Festekontrakt
Avtale om rett til å leige fast eigedom. Inneheld regulering av festeavgift og evt. krav om innløysing.

Gardsnummer/Bruksnummer
Registreringssystem for grunneigedomar. Gardsnummeret (gnr) gjeld den opphavelege garden, bruksnummer (bnr) er dei enkelte delane garden er delt opp i.

Heimselshavar
Den som er oppført i grunnboke som eigar av eigedomen.

Reguleringsføresegner
Spesifikasjon av kommunen sin reguleringsplan,t.d. maks utnyttingsgrad, etasjehøgde og føremål.

Skøyte
Dokument som viser at ein kjøpar har overtatt eigedomen.

Takst
- Verditakst: Ei vurdering av marknadsverdien på bustaden/eigedomen.
- Lånetakst: Ein takst som skal gje grunnlag for kor stort lån som ein eigedom gjev grunnlag for. Lånetaksten vil normalt vere ca 80 % av verditaksten.
- Fullverditakst: Taksering gjort av forsikringsselskap som danner grunnlag for forsikringspremien.

Tilstandsrapport
Rapport som skildrar tilstanden til bustaden med eventuelle feil og manglar.

Tinglysing
Registrering av kontraktar, skøyter, avtalar o.l. i eit offentleg register.