Kjøp av bustad er ei av dei største investeringane ein gjer. Med den erfaring og kunnskap som meklarane i Garanti Eiendomsmegling Vest AS har om bustadmarknaden, er dei dine gode hjelparar for å finne den bustaden som passar for deg - i den fasen du er i livet.
Orientere deg før du kjøper bustad
Gå gjerne på fleire visninger før du skal kjøpe, for å orientere deg om prisnivået som gjeld. Snakk og med fleire bankar om kva lånetilbod dei kan gi deg, og få med finansieringstadfesting (finansieringsbekreftelse). Når du har funne "draumebustaden", kan du gjerne ta med deg ein fagperson som kan sjå på boligen før du legg inn bod.
Bodgjeving
Når du legg inn første bod, må dette skje skriftleg, og du må legge ved finansieringstadfesting. Er du i tvil om noko vedkomande bodet, kontakt Garanti Vest for informasjon og hjelp.
Dersom du ønsker å legge inn høgre bod seinare, kan det skje pr. telefon. Hugs å skrive kor tid du ønsker å overta bustaden. Dersom visse forhold må oppflyllast før bindande avtale kan inngåast, må dette førast opp som atterhald. Du vil bli informert om nye bod heilt til eit bod er akseptert, eller at du trekker deg. Bod er bindande for bodgjevaren til utløpet av akseptfristen, eller til seljar har avslått bodet. Dette gjeld sjølv om det kjem inn høgre bod.Du bør difor ikkje legge inn bod på fleire bustader samtidig. Bodgjevar er bunden av bodet sitt når det er kome fram til meklar. Bod må ha lenger akseptfrist enn 24 timar etter siste visning for at bodet skal bli formidla vidare til seljar.
Aksept av bod
Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod. Får du tilslaget, er det inngått avtale mellom seljar og kjøpar. Dei andre bodgjevarane vil bli varsla snarast. Varsel om at eit bod er akseptert frigjer andre bodgjevarar, sjølv om akseptfristen for disse boda ikkje er ute.
Etter at avtale er inngått
Etter at bod er akseptert og etter at evetuell forkjøpsrett er avklart, blir du kalla inn til kontraktsmøte. Deretter får du tilsendt innbetalingsbrev, for betaling av kjøpesummen. Pengane må stå på klientkontoen til overtakingsdatoen. På overtakingsdagen må straumålaren lesast av, overtakingserklæringa fyllast ut og signerast. Når kjøpesum inkl. omkostningar står på klientkontoen og signert overtakingserklæring er levert til oss, kan oppgjer til seljar utførast.
Garanti Eiendomsmegling Vest AS 