13. oktober 2011
Statens strålevern anbefaler alle som har bustad med opphaldsrom i de tre lågaste etasjane over bakkeplan, å måle radonkonsentrasjonen i bustaden sin. Måling av radon vart meir aktualisert etter omtale av radonfunn i Førde, Firda 12. oktober under tittelen: "Høge radonfunn fleire stader i Førde".
Du som bur i burettslag eller sameige bør ta kontakt med styreleiar for å høyre om styret vurderer å gjennomføre radonmåling. Dersom du ønskjer å måle radon i di leilegheit, kan du og gjere det på eige initiativ og ta kostnaden med det sjølv. Det er fleire måtar å måle på, og ein vanleg måte er å legge ut ein/fleire spolar/sporfilm som skal stå ei tid før dei skal analyserast av eit firma. Ein sporfilm er ei lita brikke som vert plassert i dei romma som er aktuelle å utføre måling av radon i. Det blir tilrådd å bruke minst to sporfilmar i kvar bustad. Desse kostar ca. kr 200,- pr spole.
Promo AS som held til på Øyrane i Førde utfører radonmåling. Både privatpersonar og styret i burettslag/sameige kan kontakte dei. Hus & Bolig har og ei liste med oversikt over firma som tilbyr radonmåling.
Pr. i dag er det ikkje krav til radonnivå i din eigen bustad enten det er einebustad, sameige elle burettslag. Men ved nybygg gjeld dette:
”III. Strålingsmiljø. § 13-5. Radon
(1) Bygning skal prosjekteres og utføres med radonforebyggende tiltak slik at innstrømming av radon fra grunn begrenses. Radonkonsentrasjon i inneluft skal ikke overstige 200 Bq/m3.
(2) Følgende skal minst være oppfylt:
a) Bygning beregnet for varig opphold skal ha radonsperre mot grunnen.
b) Bygning beregnet for varig opphold skal tilrettelegges for egnet tiltak i byggegrunn som kan aktiveres når radonkonsentrasjon i inneluft overstiger 100 Bq/m3.
(3) Annet ledd gjelder ikke dersom det kan dokumenteres at dette er unødvendig for å tilfredsstille kravet i første ledd.”
Les meir hos Statens Strålevern.
Frå 01.01.2014 kjem det nye krav: Då skal alle eldre bygg ha radonnivå under 200 Bq. Dette gjeld offentlege bygg, utleigebustader/leiligheter. Bur du i din eigen bustad er det framleis ikkje krav, kravet kjem når du skal selge eller leige ut. Nybygg skal ha radonnivå under 100 Bq. Det skal då leggast inn lufting under bygg samt radonsperre under heile bygget.
Aktuelle lenkjer for meir informasjon:
Statens Strålevern om Radon
Huseierne - Hus&Bolig
Norsk Radonkontroll