Banneren

BOiVEST - Attraktive bumiljø

Aktuelt
Internkontroll i burettslag og sameige


Burettslag og sameige er underlagt Forskrift om Internkontroll av 1.1. 1997. Internkontroll er tiltak som skal sikre at burettslag og sameige organiserer seg i samsvar med helse-, miljø- og tryggleikslovgjevinga. Målet er at tryggleiken skal vere så god som mogeleg, slik at bebuarane er trygge i nærområdet sitt.

Styret i burettslaget eller sameiget skal kartlegge kva for ulykker som kan inntreffe, og syte for å gjennomføre tiltak som hindrar at desse ulykkene skjer.


Slike tiltak kan til dømes vere at fellesareala er ryddige og godt vedlikehaldne, at brann- og el-tryggleiken i bygningane er ivaretekne på ein forskriftsmessig måte og at bustadsamvirke som sysselsett personar i til dømes vaktmeisterteneste syter for at krav i arbeidsmiljølova vert overhelde. Det kan også vere tiltak som syter for at barn ikkje skader seg på leikeplassutstyr som ikkje er godt nok vedlikehelde og at avfall og spesialavfall blir tatt hånd om på ein forsvarleg måte.

Kort sagt er internkontroll i burettslag og sameige:
- Å verne om liv, helse og materielle verdiar
- Å skape eit godt miljø for dei som bur i området

NBBL sin Internkontrollperm

I nettbutikken til NBBL kan du kjøpe Internkontrollperm med årleg oppdatering.

Slik skriv NBBL butikken om permen: "Dette permsystemet sørger for at du har et godkjent system for HMS og internkontroll i ditt boligselskap. Kort oppsummert kan man si at Internkontrollarbeidet går ut på å sette mål for arbeidet, ta en riskovurdering, utarbeide en handlingsplan, rapportere feil og mangler samt oppfølging og kontroll." 

Til Internkontrollpermen i NBBL nettbutikken

| | Tips en venn: Epost