13. mai 2011
Bustadbygginga er på god veg oppover. Fleire unge enn nokon gong får startlån, takka vere satsing på Husbanken og aktive kommunar, seier Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ein kronikk.
Tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at det blei sett i gong 7558 bustader i fyrste kvartal, ein auke på 39 prosent samanlikna med dei fyrste kvartal i fjor. I Oslo syner dei tilsvarande tala meir enn ei syvdobling – frå 213 bustader i fyrste kvartal i fjor til 1514 bustader same periode i år! Det er gledeleg.
Statsråd Navarsete seier vidare at ho har i den seinare tid høyrt aktørar i bustadsektoren etterlyse eit større offentleg ansvar i bustadpolitikken. Aktørane kan vere trygge på at regjeringa er oppteken av å føre ein aktiv og brei bustadpolitikk.
Samstundes ser regjeringa at bustadmarknaden er krevjande for utsette grupper, mellom anna for unge. Særleg gjeld det pressområde der bustadprisane ligg over landsgjennomsnittet.
Les heile kronikken frå Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete