7. april 2011
Prisane på burettslagsbustader auka med over 6 prosent frå 4. kvartal 2010 til 1. kvartal 2011, og aldri har prisane vore høgare målt i dagens kroneverdi.
Gjennom det siste året har det vore ein gjennomsnittlig prisauke på nærare 10 prosent.
Last ned heile prisstatistikken her
NBBL sin vekta gjennomsnittpris viser ein auke på 6,2 prosent siste kvartal. Frå 1. kvartal 2010 har det vore ein prisvekst på 9,5 prosent. Prisen inneheld kjøpesum pluss bustadene sin andel av fellesgjelda i burettslaget.
Dette er tilsvarande utvikling som resten av marknaden målt ved Eiendomsmeglerbransjen sin bustadprisstatistikk.
Den geografiske fordelinga viser at det ikkje er noko stor skilnad i utviklinga siste kvartal. I Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Akershus har prisauken vore rundt landsgjennomsnittet. Unntaket er Tromsø, der prisane nærast har vore uendra.
Bustadprisane stig vanligvis meir i byrjinga av eit år enn på hausten, men over 6 prosent auke i løpet av eit kvartal, er uvanleg mykje.
- Statistisk Sentralbyrå har spådd ein bustadprisauke på i underkant av 7 prosent i 2011. Skal SSB få rett i dette, må prisbiletet vere tilnærma flatt resten av året. Det har NBBL sentralt lita tru på. På den andre sida vil nok prisane flate noko ut i høve til den knallsterke åpninga på året, påpeikar seniorrådgjevar Bente Johansen i NBBL (biletet).
Eit fireroms rekkehus i burettslag kostar no godt over 3 millioner kroner både i Stavanger og Oslo – som er dei to byane der buligprisane ligg høgast.
- Bustadprisnivået er no så høgt i fleire av dei større byane, at det av omsyn til den langsiktige stabiliteten i marknaden er grunn til å håpe på ein meir moderat prisutvikling. At bustadbygginga no ser ut til å ta seg klart opp, er difor svært positivt, sjølv om dette nok har avgrensa effekt for bustadprisane på kort sikt, understrekar Bente Johansen i NBBL.
Last ned heile prisstatistikken her