27. april 2011
Skal eldre ha ein reell mogelegheit til å bu heime så lenge dei ønskjer, er det avgjerande at heis blir etterinnstallert i eldre lågblokker.
Dette var eitt av dei viktigaste svara på spørsmålet om kva som må til for at eldre skal kunne bu heime. Spørsmålet vart stilt på konferansen Eldre og Bolig i regi av Husbanken, Kommunenes Sentralforbund (KS), Statens Seniorråd og Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL) før påske.
Les meir om det gode samarbeidet mellom kommunen, bustadbyggelaget og burettslaga på Hamar der det er etterinnstallert over 100 heisar i eldre burettslag dei siste 20 åra.
På biletet er Hallvard og Else-Marie Samdal som bur i burettslaget Vårum Terrasse på Flatåsen i Trondheim. Leilegheitene har livsløpstandard og tilgang til heis (foto: NBBL/Anne Elisabeth Næss).