4. april 2011
Viktig melding til alle medlemar som har fått giro for betaling av medlemskontingenten. Ved ein teknisk feil ved generering av KID-nummer er dette blitt feil og du vil få feilmelding ved betaling. Vi sender no ut eit brev til dei av dykk som dette gjeld med det rette kid-nummeret. Brevet blir postlagt torsdag 7. april og du vil få det i hende så raskt som mogeleg. NB! Dersom du bur i eitt av burettslaga våre, blir kontingenten betalt gjennom husleiga og du kan sjå bort frå meldinga over.
Fordelskortet er i desse dagar under utsending til medlemane i BOiVEST. Med Fordelskortet får du rabattar og i tillegg kan du samle opp bonus når du brukar Fordelskortet. Bustadbyggelaget får stadig fleire samarbeidspartar som gjer det mogeleg for deg å spare pengar på din eingen bonuskonto. For å gjere det må du aktivere Fordelskortet ditt. NB! Du treng berre aktivere kortet ditt ein gong. Dersom du har aktivert kortet ditt tidlegare, loggar du deg inn med e-postadresse og passord. Har du gløymt passordet, kan du få eit nytt ved å klikke på "Glemt passord?" Sjå elles meir om fordelane knytt til medlemskap i BOiVEST under menyvalet "Medlemsfordelar"
Aktiver Fordelskortet og få fleire fordeler!
Mange av tilboda i Fordelskortet har som føresetnad at du har aktivert Fordelskortet ditt.
Slik aktiverer du Fordelskortet ditt:
- Klikk på denne lenkja "aktivere Fordelskortet på www.fordelskortet.no"
- Klikk "Aktiver kortet ditt" i menyen til venstre
- Velg bustadbyggelaget du er medlem av. NB! Dersom du høyrer til tidlegare Florø Boligbyggelag, vel du BOiVEST. Dersom du høyrer til tidlegare Sogn og Fjordane Bustadbyggelag vel du BOiVEST (Sogn og Fjordane). Skriv så inn medlemsnummeret og postnummeret ditt og klikk "Neste" NB! Bruk medlemsnummeret ditt og ikkje det 9 siffera kortnummeret
- Fyll så inn naudsynte opplysningar. Det er viktig å krysse av dersom du er kunde av leverandørane i registreringsskjemaet som gjev bonus. Hugs å fylle inn kundenummer. Klikk "Neste"
- Du mottek ein e-post om at kortet ditt er aktivert
Din eigen Bonuskonto
Når du brukar det aktiverte Fordelskortet, kan du få ekstra fordel ved at du får bonus i tillegg til rabatt. Bonusen kan du overføre direkte til din eigen bankkonto. Bonus du har opparbeidd finn du på "Min profil" etter at du har logga deg inn på BOiVEST si fordelskortside.
Døme på bonusfordel:
- Forsikring: 2% bonus på forsikringspremien
- Flügger: 5% bonus på alle varer
- Lampehuset: 5 % bonus på alle kjøp, også på rabatterte produkt
- Hurtigruten: 5% bonus på alle reiser langs Norskekysten
- Galleri Impasto: 5 % bonus på kunst
Punkta over er kun døme, fullstendig oversikt finn du på BOiVEST si fordelskortside.
Lokale fordeler med Fordelskortet
BOiVEST arbeider for å skaffe deg fleire lokale fordelar, og første lokale avtale knytt til Fordelskortet gjeld ein samarbeidsavtale med Riksteatret. Avtalen gjeld 20% rabatt på inntil fire billettar på turnestadene til Riksteatret i Sogn og Fjordane. For å oppnå denne fordelen viser du Fordelskortet i billettluka når du kjøper billettar ved kultuhusa på Nordfjordeid, i Førde, Florø og Sogndal.