Banneren

BOiVEST - Attraktive bumiljø

Aktuelt


Populære Huustunet i Førde sentrum er utselt, ca. eit år før innflytting.

Det var stor rift om dei 22 leilegheitene like ved Festplassen i Førde, då dei vart lagde ut for sal. 18 av leilegheitene vart selde i løpet av kort tid. I dag er det berre to leilegheiter i topp-etasjen som er til sals, men BOiVEST har interessentar som vurderer kjøp. Begge dei to treroms-leilegheitene ligg på sørsida av bygget, med utsikt mot elva og parken.
Arbeidet med å reise det fire etasjar store bustadbygget i Angedalsvegen går godt. Sprengkulda i vinter gjorde det vanskeleg å halde opprinneleg tidsplan, men entreprenørfirmaet Åsen & Øvrelid ligg no rute, opplyser byggjeleiar Rune Veien i BOiVEST.


- Betongarbeidet er ferdig. No skal det støypast balkongar. Vidare blir det arbeid med vegger og tak-konstruksjonar. Vi håper å få tett hus til jul, seier Rune Veien.
Huustunet får husvære med høg standard, fordelt på to-roms, tre-roms og fire-roms leilegheiter. Dersom alt går etter planen, kan dei første husvera vere klare for innflytting ca. november 2011 .

På gateplan er det 4 leilegheiter og i tillegg skal ca 250 kvadratmeter av arealet brukast til næringsføremål. I dei øvrige etasjane blir heile arealet nytta til bustadføremål.

 

| | Tips en venn: Epost