17. november 2010
av Per Kjetil Jørgensen
BOiVEST er framleis eit trygt og godt alternativ på bustad-marknaden. Målsettinga med bustadbyggelaget har alltid vore at vi skal sikre gode og trygge bumiljø for medlemmer og kundar.
- BOiVEST er framleis eit trygt og godt alternativ på bustad-marknaden. Målsettinga med bustadbyggelaget har alltid vore at vi
skal sikre gode og trygge bumiljø for medlemmer og kundar. Denne målsettinga står fast, seier direktør Liv Judit Straume.
God oppfølging
- Kan nye kundar som kjøper husvære gjennom BOiVEST , stole på at det som står i ein kjøpekontrakt verkeleg gjeld?
- Ja. Dette har vore ei veldig spesiell sak. Bustadbyggelaget i Florø har halde på sidan 1946. Bustadbyggelaget i Førde har vore i bransjen sidan 1966 . I løpet av desse åra har det blitt selt fleire tusen leilegheiter. Aldri tidlegare har det kome opp saker som dette. Det må vere ein god dokumentasjon på at det er trygt å handle i bustadbyggelaget. Nye og gamle kundar skal vite at dei kan stole på BOiVEST , seier Straume.
BOiVEST er veldig opptatt av at bustadkjøparar skal oppleve tryggleik når dei kjøper hus. Det er ikkje snakk om å levere eit nøkkelferdig hus og så overlate resten til huskjøparen. BOiVEST følgjer opp kjøparane og hjelper til med å etablere sameige eller burettslag. Dei følgjer også opp eventuelle feil eller manglar som blir oppdaga i garanti-perioden etter innflytting.
Bustadbyggelaget har alt hatt møte med andelseigarane i Huustunet og gjeve dei tilbod om å velje ein representant til byggjestyret. På den måten får huskjøparane delta i byggjeprosessen, og dei får ein erfaren representant som kan gå inn i styret for sameiget når kjøparane sjølve skal ta over drifta.
Har stor tillit
- Er du redd for at den negative avisomtalen skal skade omdømmet til BOiVEST ?
- Ja, negativ omtale er veldig uheldig. Men denne eine saka kan ikkje rokke ved det faktum at BOiVEST gjennom alle år har hatt stor tillit i bustad -marknaden . BOiVEST har i dag 4.500 medlemmer og forvaltar 2.500 bustader. Eg bur sjølv i burettslag og har sete i fleire styre for burettslag før eg vart direktør. Så eg veit mykje om kva støtte og hjelp administrasjonen i bustadbygget har gjeve sine mange tusen medlemmer, seier Straume.
Direktøren understrekar at BOiVEST er ein medlemsorganisasjon som har veldig gode intensjonar med alt som blir gjort. Målet er å halde kostnadene nede slik at kjøparane skal få mest mogleg igjen for pengane.
- Hovudmålsettinga vår er å skape gode og trygge bumiljø for medlemmene. Det er ikkje noko mål for BOiVEST å utnytte kundane for å gi aksjonærane størst mogleg overskot, sluttar direktør Liv Judit Straume.
Tidlegare i haust stod to bustadkjøparar i Førde fram i Firda med kritikk av BOiVEST, etter at BOiVEST måtte oppheve kjøpet av to husvære i Huustunet. Problemet var at Førde kommune kravde at det aktuelle arealet i første etasje skulle nyttast til næringsformål i staden for bustadareal.
- Vi må berre beklage at dei to husværa vart selde utan at vi tok atterhald om kommunal godkjenning. Vi var i møte med Førde kommune og fekk sterke signal frå politikarar og rådmann om at arealet der dei to husværa var teikna inn, skulle kunne brukast til bustader. Men då saka kom opp til politisk handsaming, fekk BOiVEST tommelen ned, forklarer Liv Judit Straume.
BOiVEST anka avslaget inn for Fylkesmannen, men heller ikkje det førde fram. Dermed måtte bustadbyggelaget kontakte dei to kjøparane og informere om at kjøpe-kontrakten dessverre måtte hevast.
- Vi feilberekna utfallet av den offentlege handsaminga. Det var ein tabbe, som vi har lært av. Dette vil ikkje skje ein gong til, slår direktøren fast.