6. februar 2012
Felleskostnadene for januar er no i fakturaproduksjon, deretter blir felleskostnadene for februar produserte, truleg i løpet av veke 6. Alle vil få tilsendt fakturaer med brev som forklarer korleis kvar av dykk skal forhalde dykk avhengig av om det er autogiro eller vanleg faktura som ein sjølv må legge til betaling.
Årsak til at felleskostnadene for januar 2012 er forsinka er det pågåande konverteringsarbeidet til ny rekneskaps- og forvaltningsløysing i BOiVEST. Det vart difor ikkje sendt ut giroar til dei som har manuell betaling eller lagt ut felleskostnader i nettbanken for dei som har avtale om autogiro for januar månad. Desse felleskostnadene kjem no til forfall 20. februar, samstundes som ordinært forfall for felleskostnadene for februar.
Vi er no i gang med utsending av fakturaer til dei av laga som tilhøyrer Førdekontoret, sjå vedlagte brev: Fellesutgifter januar-februar2012.pdf
Dersom du bur i eitt av laga som høyrer til kontoret i Florø, vert felleskostnadene sendt ut seinare. Informasjon om dette blir oppdatert her.