28. januar 2011
Etter iherdig arbeid har bustadbyggelaga med NBBL i spissen fått gjennomslag for at bustadbyggelag og andre private verksemder skal få bygge omsorgsplassar i kommunane. Dette vart presentert på ein pressekonferanse med statsminister Jens Stoltenberg, kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen ein felles pressekonferanse i OBOS sine lokaler i Oslo i dag.
BOiVEST har bygd omsorgsbustader i fleire kommunar allereie og vi har difor gode referanseprosjekt å vise til, seier direktør i BOiVEST Liv Judit Straume i ein kommentar. Tidlegare har vi bygd for bustadstiftingar, no kan vi i tillegg bygge direkte for kommunane.
"Dette er en gledens dag, nå kan boligbyggelag endelig få bygge omsorgsboliger", seier Hege Skinner i NBBL.
NBBL har arbeidd i to år med regelendringane og i dag kom resultatet. Endeleg åpner regjeringa opp for at bustadbyggelag kan få tilskot til å bygge omsorgsbustader og sjukeheimar i samarbeid med kommunane.
- Les om saka på NBBL sine nettsider
- Les om saka på OBOS sine nettsider
- Les om saka på Regjeringen.no
- Følg BOiVEST på Facebook