Banneren

BOiVEST - Attraktive bumiljø

Aktuelt


Til agderposten.no fortel Per Selås, administrerende direktør i Arendal Boligbyggelag, at dei reknar med å starte bygginga av 12 nye bustader for ungdom i Grimstad.

Samarbeid med kommunen
Boligbyggelaget og Grimstad kommune har i fleire år samarbeida om fleire byggeprosjekt der bustadene er retta inn mot unge menneske i alderen 18 til 35 år. Selås fortel at responsen har vore svært god.

Samarbeidet består i at kommunane syter for billige tomter, medan bustadbyggelaget står for prosjektering, bygging og sal av bustadene.

Fordi tomta frå kommunen er billig kan leilegheitene selgast for i underkant av 1,5 millioner kroner, noko som er låvare enn normal marknadspris for tilsvarande leilegheiter.


Godt dømr
- Dette er eit godt døme på samarbeid mellom bustadbyggelag og kommunen for å auke bustadbygginga. Vi meinar at kommunane i større grad må leggje til rette for fleire tomter til nybygging, sier Hege Skinner i NBBL.

Skinner visere til Soria Moria I, der det står at regjeringa vil utvikle ei låneordning med rente- og avdragsutsetting til kommunane slik at dei kan føre ein offensiv tomtepolitikk.

- Denne formuleringa har aldri blitt følgd opp og den er framleis like aktuell. Dei fleste kommunar er pr. i dag for passive på tomtesida og når det gjeld heilskapleg bustadplanlegging. I Statsbudsjettet for 2012 må det gjevast nye økonomiske verkemiddel for å få kommunane sterkare på bana som tilretteleggar og planleggar av nye bustadprosjekt, sier Hege Skinner i NBBL.
 

 

| | Tips en venn: Epost