Banneren

BOiVEST - Attraktive bumiljø

Aktuelt


450 000 medlemmer av 47 bustadbyggelag har blitt invitert til å handle på lag med naturen gjennom miljøkredittkortet Pangea Ecocard. 1 prosent av alle kjøp går til Stiftelsen Pangeas Miljøfond, som kvalitetssikres av Bellona.

Allereie no har Pangea sine brukarar samla inn meir enn 150.000,-, og fondet utlyser i desse dagar sin første utdeling.

Dette vart kjent på den Fordelskortkonferansen i regi av NBBL Partner i januar. Styreleiaren i Bellona, Olaf Brastad, var sjølv tilstades og lanserte utdelinga frå Pangea sitt Miljøfond. Pengane skal delast ut til dei som har gjennomført energieffektiviserande tiltak i eksisterande bustader, inkludert einebustader, leiligheiter og burettslag.


Døme på tiltak er:

  • Etterisolering
  • Utskifting av vindauge
  • Installering av styringssystem
  • Skifte av energikjelde
  • Gode og innovative løysingar

 

1. premie. 100.000,-
2. premie. 25.000,-
3. premie. 25.000,-

Utvelging av vinnarar vil skje etter ei vurdering basert på følgjande kriterie, og tiltaket/tiltaka skal kome inn under ein eller fleire av følgjande kategoriar:

Tiltaket skal:

  • Ha dokumenterbar effekt
  • Vere overførbart til andre bygg
  • Auke merksemda rundt effekten av energieffektivisering i bygg
  • Vere kommuniserbart og innovativt
  • Inspirere andre til å igongsetje energieffektiviserende tiltak

Dokumentasjon:
Søkeren må kunne dokumentere gjennomført tiltak i løpet av 2010 ved å leggje ved dokumentasjon før og etter gjennomført tiltak, som for eksempel energiforbruk, bilete eller faktura på gjennomførte tiltak

Synes du dette høyrest spennande ut, og meiner at du kvalifiserer? Send søknaden din til: utdeling@pangea.no.

 

| | Tips en venn: Epost