18. januar 2011
Det er 64 bustadbyggelag som er tilslutta NBBL og desse forvaltar 400 000 bustader. - Potensialet for energieffektivisering og auka tilgjenge er stort, men det er viktig å nå ut med kva for tilskots- og låneordningar som finst, sier NBBL-sjef Hege Skinner.
Gode førebilete
- Myhrerenga i Skedsmo er eit godt døme på burettslag som verkeleg har fått det til. Burettslaget sparer inn 70 prosent av energibruken når passivhusrehabiliteringa er ferdig utført, men vi treng fleire som følgjer Myhrerenga sitt døme, sier Skinner.
Andre burettslag Skinner trekkjer fram er Barkaleitet borettslag i Bergen og Husby terrasse i Stjørdal.
Både Enova og Husbanken tilbyr tilskots- og låneordningar og håpar at burettslaga benytter seg av tilbodet.
-Det er romsleg med pengar til søknader frå burettslag og sameige, understrekar områdeleiar Turid Helle i Enova. Når vi veit at fellesutgiftene kan reduserast og verdien på bustaden kan aukast ved for eksempel å rehabilitere ned mot passivhusstandard burde tilbodet som no ligg klart vere av stor interesse for burettslaga.
Heisen må på plass
Are Rødsjø, prosjektleiar i Husbanken si miljøgruppe, trekkjer mellom anna fram installering av heis for å gjere bustaden tilgjengeleg for fleire. Husbanken kan dekke ein del av kostandene til burettslaget.
-Målsettinga er at burettslaga skal bli moderne, energieffektive og praktiske for alle bebuarane, seier Rødsjø.
Avdelingsdirektør i Husbanken Vest, Solveig Paule er initiativtaker til samarbeidet. Ho meiner det viktigaste for bustader i dag er auka tilgjenge.
- Medan norsk bustadforsyning etter krigen fokuserte på kvantitet, står vi no framfor eit kvalitetsløft for bustadblokker med vekt på betre tilkomst og etterinstallering av heis, sier Paule.
Vinn 50 000
Burettslaga kan og delta i ein konkurranse og vinne 50 000 kroner til sitt burettslag. Seminarserien si eiga nettside brrretaslaget.no har meir om konkurransen, dei ulike støtteordningane og informasjon om seminarserien.
Første seminar er tysdag 18. januar i Bodø. Deretter er følgjer desse:
Tromsø: 25. januar
Bergen: 9. februar
Trondheim: 10. februar
Kristiansand: 8. mars
Oslo: 9. mars
Stavanger: 21. mars