Banneren

BOiVEST - Attraktive bumiljø

Aktuelt


NBBL har tidlegare påpeika at vi er i startfasen av den såkalla ungdomsbølgja. - I løpet av 2011 vil tal unge i 20-åra auke med ca. 14 000 personar. Auken held fram til ca 2020, då flater den ut på eit nivå som ligg godt over nivået frå tiåret bak oss, forklarer Hege Skinner i NBBL.


Fare for ny prisoppgang
- Vi reknar med at ungdomsbølgja berer med seg meir enn 100.000 unge. Desse er på veg, og dei treng ein stad å bu. Igjen er dette ei massiv oppgave for kommunane. Vi ser ein reell fare for ein ny prisoppgang dersom det ikkje blir bygd nok bustader, og det vil i første rekkje ramme dei yngste som skal inn i bustadmarknaden for første gong, påpeikar Heikki Holmås.

Han er opptatt av en framtidsretta og vital bustadpolitikk, og understrekar kor viktig ein bevisst politikk på dette feltet er.

- Bustadpolitikken er ein fundamental del av velferdspolitikken. Derfor er det avgjerande å sejte inn dei rette tiltaka, og stimulere kommunane til satsing, slik at dei igjen stimulerer utbyggjarar - anten dette er bustadbyggelag eller private utbyggarrselskap.

NBBL er positive til leiaren i kommunalkomiteen sit engasjement og meiner det er på tide at vi får ein meir aktiv boligpolitikk.

- I kjølvatnet av utspel den siste tida i media frå byggebransjen, eigedomsmeklarane og enkelte politikarar, verkar det som om det er klima for å setje bustadpolitikk på dagsorden igjen. For å hindre usunn prisauke må det leggjast til rette for at fleire bustader vert bygde, sier NBBL-sjefen.


Eldrebølge

I motsetning til ungdomsbølgja, er eldrebølgja noko alle har høyrt om. - Dette er ei aldersbølgje som ligg lenger fram i tid, men til gjengjeld har den ein styrkje og ein varigheit som er vesentleg større enn ungdomsbølgen, forklarer Hege Skinner.

Frå midten av 2020 og 30-40 år framover i tid, vil tal personar over 80 år auke vesentleg. Truleg vil talet av dei eldste eldre meir enn tredoblast, og mange i denne gruppa kjem til å trenge ein eller anna form for tilrettelagt bustad.

Å sikre straumen av eldre ein eigna bustad er ein bustadpolitisk utfordring. Leiaren i kommunalkomitéen meiner at universell utforming i nye bustader og tilrettelegging for bygging av omsorgsbustader i den private markeden, er to viktige verkemiddel:

- Å syte for at nye bustader får universell utforming, slik at dei eignar seg også som bustad for dei som er litt oppe i åra, er eitt viktig verkemiddel. Dette handlar mellom anna om tilgjenge for rullestol og terskelfrie løysingar i bustader. Målet er at bustader skal vere slik at det er mogeleg å bu der lenge, for dei som ønskjer det, seier Holmås.

NBBL-sjefen er sjølvsagt einig i at universell utforming er viktig, men ser samtidig nokre utfordringar i forhold til eit absolutt krav om universell utforming i alle nye bustader. - Krava til universell utforming set strenge krav til utbyggjar. I nokre tilfelle bør det gjevast høve til søkje om fritak for einkelte krav for å hindre at prisen på bustaden blir urimeleg høg.


Bustadbyggelag kan byggje omsorgsbustader
Det andre verkemiddelet Holmås trekkjer fram er å tilretteleggje for bygging av såkalla omsorgsleiligheiter, også i den private marknaden. - Her kjem bustadbyggelaga inn i biletet. Eg ser ingen grunn til at ikkje bustadbyggelag og skal kunne byggje omsorgsbustader. Bustadbyggelaga kan det å byggje og dei gjer ein god jobb, med eit langtidsperspektiv, understrekar leiaren i Stortingets kommunalkomité, Heikki Holmås.

 

| | Tips en venn: Epost