Banneren

BOiVEST - Attraktive bumiljø

Aktuelt

Ein fersk befolkningsundersøking frå GARANTI Eiendomsmegling viser at meir ein av ti har planar om å kjøpe bustad dei neste tolv månadene. Dette er ein auke frå tidligare undersøkingar.

 



Enklare å få seld bustad
Undersøkinga som er gjennomført blant eit utval på 1900 personar i Norge viser at vel 10 prosent har planar om å kjøpe bustad det neste året. Andelen i ei tilsvarande undersøking frå i fjor vår var 9 prosent. Hausten 2007, før finanskrisa, hadde 8 prosent planar om bustadkjøp.

- Undersøkinga tyder på at kjøpelysta er aukande. Vi må tilbake til 2005/2006 for å finne same interesse for å kjøpe bustad. Dette er ei stadfesting på at optimismen er tilbake i bustadmarknaden og at vi no er nær ein normalsituasjon, sier Stein Drogseth, administrerende direktør i GARANTI Eiendomsmegling.


Kjøpsplaner i Sogn og Fjordane
I Sogn og Fjordane har 10 prosent planar om å kjøpe bustad det neste året, det same som på landsbasis. Hordaland er fylket med den mest kjøpelystne befolkninga, 18 prosent av innbyggjarane i dette fylket har planar om bustadkjøp. Aust-Agder og Nordland er på botnen med ein andel på henholdsvis ein og to prosent.


Fleire trur på prisvekst
Undersøkinga viser at 62 prosent trur at prisane på bustadeigedom vil auke dei neste 12 månadene, mot 58 prosent våren 2010. 5 prosent trur at prisane vil falle, 25 prosent trur prisane vil vere uendra, og 8 prosent er usikre.

- Det er interessant å sjå at forventningane til bustadprisane er tilbake på same nivå som i 2006/2007 då og nærare to av tre meinte at bustadprisane ville auke i løpet av dei neste 12 månadene, sier Drogseth.

I Sogn og Fjordane trur 58 prosent at prisene på bustadeigedom vil auke dei neste 12 månedene. Tre prosent trur prisane vil falle, 28 prosent trur prisane vil vere uendra, og ti prosent er usikre.

I Buskerud ventar tre av fire prisvekst på bustadeigedom , mens ingen i dette fylket ventar prisfall. Buskerud er dermed fylket som har størst tru på prisauke. Hedmark er minst optimistiske, kun 52 prosent av folk i fylket trur på prisauke.

Undersøkinga er gjennomført av Perduco i november 2010 mellom eit tilfeldig utval av 1900 personer i befolkningen.


For meir informasjon:
Stein Drogseth, administrerende direktør, tlf 977 44 005


Om GARANTI Eiendomsmegling:
GARANTI Eiendomsmegling er bustadbyggelaga si eiendomsmeklarkjede. Kjeden vart oppretta i 2000 og har no 34 kontor over heile landet. Garantimeklarane seldee 4 500 bustader i 2010.

Sjå og www.garanti.no

 

| | Tips en venn: Epost