6. januar 2011
Gjennomsnittleg totalpris for ein burettslagsleiligheit var i 4. kvartal 1 846 000 kroner. Det er 1,5 prosents reduksjon samanlikna med 3. kvartal. Ser vi derimot på året under eitt, har vi hatt ein prisoppgang på 7,2 prosent. Gjennomsnittsprisen er her kjøpesummen pluss bustaden sin del av fellesgjelda i burettslaget.
- Prisauken på burettslagsbustader er heilt på linje med det Norges Eiendomsmeglerforbund (NEF) sin statistikk viser for heile bustadmarknaden. Det betyr at markaden vurderer kjøp av burettslagsbustader som ein like god investering som andre eigarbustader. Det er godt å registrere etter ein periode med mykje negativt fokus rundt såkalla låginnskotsbustader, seier Hege Skinner, administrerande direktør i NBBL.
Tal omsettingar siste kvartal 2010 var på samme nivå som siste kvartal i 2009, men for heile året er det ein auke i tal omsette burettslagsbustader på 5 prosent.
- Dei fleste spår ein prisauke i 2011. Dette synet deler NBBL, særleg fordi det blir bygd så få nye bustader. Dette kan presse prisane ytterlegare i tida framover, og vil særleg ramme førstegongskjøparar, påpeikar Hege Skinner i NBBL