Liv Judit Straume - Ny direktør i BOiVEST
 |
| Liv Judit Straume. Foto: Olav Reiakvam |
- Styret i
BOiVEST har tilsett ny direktør, og vi er glade for å melde at
Liv Judit Straume er klar for inntreden i stillinga frå september, seier styreleiar
Terje Heggheim etter styremøtet onsdag kveld.
Han legg til at det har vore ein lang og grundig prosess som har gitt dette resultatet, og at vi med dette kan sjå
framover etter ein utfordrande periode både for dei tilsette og styret i tida utan operativ direktør. Straume kjenner bustadsamvirket godt og har vore aktiv i tillitsapparatet til boligbyggelag og i fleire burettslag gjennom mange år, og det er heller ikkje noko ulempe at den nye direktøren sjølv bur i burettslag.
Viktige arbeidsområde for den nye direktøren vil vere å vidareutvikle selskapet sine forretningsområde i samsvar med nyleg vedtatt strategiplan.
Fokus på nye prosjekt og utvikling av medlemsfordelar vil vere blant dei prioriterte områda. Marknadsføring og utvikling av dialogen med burettslaga vil også stå sentralt.
- Eg ser fram til å komme i gang i stillinga, seier Straume i ein kort kommentar. Eg har alltid følgd med boligbyggelaget og har vel vore på dei fleste generalforsamlingane dei siste 8-10 åra. No skal eg få lov til å bidra til beste for medlemane rundt om i fylket, kjempespennande! I tillegg til utvikling av eksisterande prosjekt, er også ei
vidareutvikling av
BOiVEST viktig for meg, held
Straume fram.
Liv Judit Straume kjem frå stillinga som kulturleiar i Førde kommune. Mange kjenner henne som ho som har gitt Førdehuset eit løft i s
einare år, og stått bak den store aktivitetsauken der.
Straume har brei teknisk bakgrunn med basis i ingeniørutdanning og ho har også fleire års erfaring frå databransjen. Med hennar utdanning på universitetsnivå innan fleire område av
leiing i s
einare år, kjenner styret seg trygge på dette valet.
Liv Judit Straume er 48 år, gift og mor til tre vaksne born. Ho er fødd i Vik i Sogn, men flytta til Sunnfjord som 17 åring. Ho har budd i fleire sunnfjordkommunar og kjenner både fylket og
dekningsområdet til
BOiVEST godt.
Meir informasjon:
Kontakt styreleiar Terje Heggheim, mobil 911 01 266
03.06.10, Sist oppdatert: 03.06.10 kl. 12:15
|