Meld deg inn!


Hjem  
Aktuelt Selge bolig Kjøpe bolig Burettslag Medlemskap Medlemsfordeler Om oss

Betongarbeid på Huustunet

ARMERING: Store deler av dekket til første etasje er ferdig armert og klart for støyping.
Foto: Per Kjetil Jørgensen

Byggjearbeidet på det populære Huustunet i Angedalsvegen i Førde er godt i gang, etter ein uvanleg kald start.

Betongarbeidarane frå entreprenørfirmaet Åsen & Øvrelid er snart klar til å støype dekket til første etasje i den fire etasjes høge bustadblokka.

Arbeidet på tomta rett over for NRK-bygget i Angedalsvegen starta i begynnelsen av november, etter at bustadhuset på tomta vart rive litt tidlegare på hausten.

Heile underetasjen på det store bygget skal nyttast til garasje. Golvet til den store garasjen vart støypt i midten av januar. Etter den tid har det blitt arbeidd med forskaling og støyping av ytterveggar.

I dag blir det jobba med forskaling av innerveggar på den austre delen av bygget. På den vestre delen av bygget blir det arbeidd med armering av betongdekket til første etasje.
Den ekstreme   vinteren har gjort det vanskeleg å halde tidsplanen for bygginga. Arbeidsfolka har måtte bruke mykje steamer for å tine vekk is og snø i bakken.  Dette gjeld både i byggjegrunnen og for utlegging av røyr for vatn og kloakk, opplyser byggjeleiar Rune Veien i BOiVEST .

Byggjeleiaren reknar likevel med at råbygget skal vere ferdig til månadskiftet september-oktober, som planlagt.

- Når blir det innflytting i dei første leilegheitene?

- Vi reknar med to års byggetid. Det vil seie at dei første leilegheitene kan takast i bruk i november 2011, dersom alt går etter planen, seier Rune Veien i BOiVEST .

Huustunet får 24 husvære med høg standard, fordelt på to-roms, tre-roms og fire-roms leilegheiter. Då prosjektet vart lagt ut for sal i august i fjor, selde BoiVEST 18 av 25 leilegheiter i løpet av kort tid. Det gjorde Huustunet til bustadbyggelaget sitt mest populære bygg på 20 år.

FORSKALING: Ytterveggane til Huustunet er
ferdige. Her blir det jobba med å setje opp
forskalingar til innerveggar.   
Foto:
Per Kjetil Jørgensen .


Av Per Kjetil Jørgensen, 10.03.10, Sist oppdatert: 10.03.10 kl. 21:59