Meld deg inn!

Hjem  
Aktuelt Selge bolig Kjøpe bolig Burettslag Medlemskap Medlemsfordeler Om oss

Endring av 24-timesregelen ved bodgjeving

Magnar Nilssen,
GARANTI Eiendomsmegling
Finansdepartementet har fastsett endringar i forskrift om eigedomsmekling, som omfattar mellom anna 24-timesregelen  ved bodgjeving.
 
Endringa fører til at meklar, i forbrukarforhold, ikkje kan formidle bod med kortare akseptfrist enn kl 12 første virkedag etter siste annonserte visning. Endringa trer i kraft 1. juli 2010.
 
Dette skal sørge for at bodgjevarane får tid til å områ seg og mellom anna kontakte banken før dei legg inn bod, samtidig som ein unngår at bodgjeving foregår på kveldstid, med dei ulemper det medfører.
 
Vidare får meklar plikt til å oppfordre seljar til å ikkje ta imot bod direkte frå bodgjevar, men å vise til meklar.
 
Det blir samtidig innført krav om obligatorisk etterutdanning for alle som oppfyller krava til å vere ansvarleg meklar og som arbeider med eigedomsmekling. Ein sikrar med det at alle meklarar er fagleg oppdaterte og til ein kvar tid stettar dei nye strenge kompetansekrava som er innført for eigedomsmeklingsbransjen.
 


08.03.10, Sist oppdatert: 08.03.10 kl. 20:13