Siste nummer av Bomagasinet
 |
| Terje Hegghein, styreleiar i BOiVEST |
Bomagasinet som er kome i postkassane i disse dagar, er siste nummeret som blir sendt ut til medlemmene i BOiVEST. Heretter blir det meste av informasjonen lagt ut på nettsidene våre.
- Styret i BOiVEST bestemte seg i haust for å legge ned Bomagasinet etter 15 års drift. Det seier styreleiar Terje Heggheim til bladet Bomagasinet. Heggheim trur at vi når like godt fram med informasjonen på denne måten som ved å bruke eit medlemsblad på papir. Han seier vidare at vedtaket om å leggje ned Bomagasinet ikkje betyr at bustadbyggjelaget ønskjer å ta lettare på informasjonsoppgåva overfor medlemmene, men at at vi ved å satse på nettbaserte medium kan få meir igjen for for pengane enn ved å satse på eit tradisjonelt papirmedium.
Vidareføring av nettsider
Både Sogn og Fjordane Bustadbyggelag og Florø Boligbyggelag hadde tidligare eigne heimesider, og boivest.no er ei vidareføring av heimesida til FBBL, sidan det var den mest dynamiske nettløysinga av dei to. Magnar Nilssen har stått for oppbygginga av heimesidene, og han er også redaktør for boivest.no.
 |
Tips oss om nyheiter.
Vi ønsker at heimesidene våre mellom anna skal vere eit "digitalt medlemsblad".
I tillegg til informasjon om kjøp og sal av bustader, bustader på forkjøpsrett, informasjon om medlemsfordelar m.m., legg vi ut hyheiter som er relevante for medlemmane i BOiVEST. Når medlemsbladet Bomagasinet no er lagt ned, skal vi bruke meir ressurssar på nettsidene. Mellom anna vil vi ha meir lokale nyheiter enn vi har hatt tidligare. I samanheng med det, ønsker svært gjerne tips om om hendingar frå din heimstad, ditt burettslag, eller om andre saker som kan ha interesse for medlemmane i Boligbyggelaget.
Følg med vidare på boivest.no - ditt "digitale medlemsblad". |
Magnar Nilssen
04.03.10, Sist oppdatert: 04.03.10 kl. 00:27
|