Tilbod om kredittkort i Fordelskortet
Medlemmer i BOiVEST og i 46 andre boligbyggelag kan no få kredittkort i Fordelskortet. Norske Boligbyggelag har inngått avtale med Pangea om levering av miljøkredittkort i kombinasjon med dagens medlemskort.
NBBL Pangea Ecocard er eit gebyrfritt miljøkredittkort. For alle kjøp betalar Pangea 1 prosent av kjøpesummen til Stiftelsen Pangeas Miljøfond. Kortbrukaren betalar ingenting for dette. Det er Bellona som kvalitetssikrar miljøprosjekta som fondet skal finansiere. Bellona er også aktivt med i marknadsføringa av kortet.
Kortet sin miljøprofil er ein god grunn for medlemmane til å byte kort. Dei fleste har allereie eit eller fleire kredittkort men mange er lite bevisst i forhold til kva for eit kort dei brukar. Fordi NBBL Pangea Ecocard er tre kort i eitt; medlems-, kreditt- og miljøkort er dette det kortet ein bør velje.
Dersom alle medlemmane brukar NBBL Pangea Ecocard vil bidraget til miljøet bli over 100 millioner kroner i året.
Norske Boligbyggelag har definert miljø som eit satsningsområde. Leilegheiter i burettslag er ressurseffektive å bygge, og husstandar i burettslag brukar i snitt langt mindre energi enn dei som bur i einebustader.
NBBL Pangea Ecocard gir alle medlemmer nok ei muligheit til å leve på lag med naturen.
For å bestille NBBL Pangea Eurocard, er det ei forutsetning at ein har aktivert Fordelskortet sitt.
Aktivering av Fordelskortet kan du gjere
her
Bestill miljøkredittkort
her
01.03.10, Sist oppdatert: 01.03.10 kl. 08:50
|