Meld deg inn!


Hjem  
Aktuelt Selge bolig Kjøpe bolig Burettslag Medlemskap Medlemsfordeler Om oss

Ledig stilling som prosjekt- og byggeleiar

Boligbyggelaget BOiVEST er eit andelslag med over 4500 medlemar og forvaltar omlag 2500 bustadar. Vi samarbeider med dei fleste kommunar i fylket og meklar både brukte og nye husvære i desse kommunane.  Arbeidsoppgåvene er elles rekneskapsføring og forvalting av over 110 burettslag, stiftingar, sameige og andre selskap, forsikringssaker, byggjeleiing, administrasjon og sal av nye byggjeprosjekt.

Vi er 15 tilsette med kontor i Førde, Florø og Høyanger.

Selskapet er autorisert eigedomsmeklar- og rekneskapsførarselskap samt medlem av NEF og NARF.  BOiVEST er aksjonær i Brukerdata as som er ansvarleg for våre datasystem til forvaltning og drift, Garanti Eiendomsmegling, eigdomsselskapa Futurum AS og Nordfjord Utbygging AS.

 

 

PROSJEKT- OG BYGGELEIAR

Då ein av våre prosjekt- og byggeleiarar skal pensjonere seg hausten 2010 skal vi tilsette ny medarbeidar som skal overta ansvar for oppstarta prosjekt, samt delta i utvikling og realisering av nye bustadprosjekt som BOiVEST har under planlegging i Sunnfjord- og Nordfjord regionen.  

 

Hovudarbeidsoppgåver

-          Ivareta byggherre og kundane sine interesser overfor entreprenør og andre aktørar

-          Kontrakt- og entrepriseadministrasjon

-          Delta i utarbeiding av anbodsgrunnlag, kalkyle, budsjett, husbankfinansiering samt intern prising

-          Styring av arkitekt, konsulentar og entreprenør i ulike prosjektfasar

-          Administrativ og fagleg kvalitetsoppfølging i samsvar med kontrakt og standard

-          Teknisk oppfølging og kontroll på byggjeplass samt delta på byggjemøte

-          Ansvar for og rapportere framdrift og økonomi i prosjekta

-          Innkjøpsansvar, fakturakontroll og generell sakshandsaming knytt til fagområdet

-          Delta i utvikling av interne rutinar, prosedyre og kvalitetssikringssystem samt implementering i eigen organisasjon

-          Kundekontakt, informasjon og oppfølging

-          Gje faglege råd internt i samband med forsikringssaker

 

Personlege eigenskapar

-          Du kan arbeide sjølvstendig, er strukturert, har gjennomføringskraft for fatta vedtak og har ei proaktiv haldning

-          Løysings- og resultatorientert

-          Du evner å samarbeide med forskjellige aktørar både internt og eksternt og har god forståing for heilheita og rollefordelinga i ein byggjeprosess

-          God på kommunikasjon

-          Sist men ikkje minst: fagleg integritet, godt humør, pågangsmot og kan yte ein ekstra innsats i hektiske arbeidsperiodar.

 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein ing/siv.ing med minimum 2-3 års erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver frå entreprenørverksemd, rådgjevande konsulent eller med relevant realkompetanse innan prosjektarbeid og med god innsikt i byggje- og anleggstekniske fag samt gjeldande regelverk knytt til fagområdet.   Tilleggsutdanning innan økonomi og praktisk erfaring frå byggjeplass vil også verte tillagt vekt. Det vert kravd førarkort klasse B og generell brukarkunnskap i dataverktøy.  

 

For stillinga kan vi tilby

Varierte arbeidsoppgåver knytt til prosjektutvikling, nybygging, rehabilitering samt konsulentoppdrag for eksterne kundar i offentlig og privat sektor.

Positivt og uformelt arbeidsmiljø, konkurransedyktig løn med gode pensjons-, helse- og andre forsikringsordningar.

Kurs og fagleg oppdatering internt og eksternt

Utvida ferie og flexitid, AFP

Kandidaten vil i stor grad kunne påverke og styre sin eigen arbeidsdag

Tidsmessige kontor i Førde sentrum.

Noko reiseaktivitet i regionen må påreknast i samband med oppdrag.

 

Andre forhold

Spørsmål omkring stillinga kan rettast til Magne Rye tlf 90 64 23 32/57 72 55 71 eller e-post magne.rye@boivest.no eller Rune Veien tlf 91 79 22 21 / 57 72 55 65 eller e-post rune.veien@boivest.no

 

Kortfatta søknad med CV vert å sende til: Boligbyggelaget BOiVEST postboks 234 6801 Førde, e-post boivest@boivest.no

Kopi av vitnemål, attestar og referansar vil vi innhente i samband med innkalling til konferanse/ intervju

Søknadsfrist: 20 februar 2010



01.02.10, Sist oppdatert: 01.02.10 kl. 12:50