Stortrivest i nytt hus
 |
| Nybømarka burettslag er samansett av tre store bustadhus, med fire bu-einingar i kvart hus. Ingrid (biletet) og Arne Myklebust har kjøpt fireroms-husværet i bygningen rett bak. Tekst og foto: Per Kjetil Jørgensen, Bomagasinet. |
Eg fall til ro straks vi hadde flytta inn. Det er herleg å kome heim til eit hus med varmepumpe og vassboren golvvarme. Her er ein behageleg temperatur heile tida, seier Ingrid Myklebust i Florø, i samtale med Per Kjetil Jørgensen i bladet Bomagasinet.
Det luktar framleis nytt hus når du stig inn dørene til Ingrid og Arne Myklebust i Florø. I oktober flytta dei inn i ein av dei tre nye firemanns-bustadane i Nybømarka Borettslag, like ved friområdet på Nybømarka.
Framleis manglar det bilete på veggene. Paret skal også få litt meir møblar. Men det meste har kome på plass.
- Vi stortrivest i leilegheita. Her er jamn temperatur og lett å regulere varmen. Den nye teknikken fungerer etter oppskrifta. Det er nesten litt overraskande, men samtidig veldig kjekt, smiler Ingrid Myklebust.
Varme golv
Bustadhusa er utstyrt med ei luft-til-vatn-varmpepumpe. Det vil seie at energien i lufta utandørs blir gjort om til vassboren varme som sirkulerer gjennom alle golva i huset. Det er ei energisparande løysing.
Dei siste åra er det mange som har fått montert luft-til-luft-varmepumper i husa sine. Då blir huset varma opp ved hjelp av varm luft som blir blåst inn i stova eller inn i hallen. Vassboren varme gir meir jamn varme enn pumpene som bles inn luft.
Husa i Nybømarka burettslag har også balansert ventilasjon med varmegjenvinning. Gammal luft blir trekt ut av kjøkkenet, samtidig som det strøymer rein luft ned i stova.
- Her er alltid frisk luft. Ventilasjonen er veldig god, slår Ingrid fast.
Kvart bygg har dessutan fellesmåling av straum, pluss individuelle målarar for kvart husvære. Det gir mindre straumutgifter.
Som einebustad
Dei nye husa på Nybømarka ser ut som tre store einebustadar. Men kvart hus har fire leilegheiter. I kjellaretasjen er to tre-roms husvære på 78 kvadratmeter. Dei to fire-romshusværa er på 129,5 kvadratmater, fordelt på to etasjar.
Så langt har det flytta folk inn i 9 av dei 12 husværa. Eit husvære er under sal, medan dei to siste ikkje er heilt ferdige enno.
Familien Myklebust har eit fireroms husvære med stove, kjøkken og bad/vaskerom på hovudplan, pluss tre soverom og bad på loftsplan.
 |
På framsida av huset er ein stor altan, vendt mot sør. Ingrid ser fram til våren og sommaren når ho kan setje seg ut for døra og nyte sola der. Ho har merka seg at huset ligg lunt til, sjølv om vinden tar godt nede ved sjøen eller på toppane lenger oppe.
På flyttefot
Ingrid og Arne har prøvd mange forkjellige buformer. Først budde dei i einebustad i Svelgen, med tre born. Så flytta familien til Florø og bygde ny einebustad i Botnaholten. Her budde dei i 20 år og trivdest godt. Ingrid er lærar på Krokane skule, medan mannen er bussjåfør i Firda Billag.
Då borna flytta ut, selde dei einebustaden og flytta inn i ei sjølveigar-leilegheit. Men det var berre ei mellombels ordning. Dei nærma seg pensjonsalderen og var på jakt etter hus dei kunne slå seg til ro med. Og då husa på Nybømarka vart lagt ut for sal, fann dei det som dei ville ha.
- Vi ville ha eit lettstelt hus, med minst mogleg vedlikehald. Eit hus vi kunne trivast i, seier Ingrid som også er aktiv i songkoret Jomentum og Landsforeningen for hjerte- og lungesyke.
- No bur vi sentralt og har kort veg til det meste. Dessutan har vi god plass til å få besøk av barn og s
einar
e barnebarn. Her reknar vi med å bli pensjonistar, seier Ingrid.
|
| . |
|
Pris: 1 mill. kr
Ingrid Myklebust var tidlegare litt skeptisk til å kjøpe leilegheit i burettslag. Ho hadde høyrt at husleiga eller fellesutgiftene plutseleg kunne stige fordi laget sette i gang med kostbar oppussing eller vedlikhaldsarbeid. Det høyrdest avskrekkande ut når du har små born og trong økonomi.
- I dag er eg ikkje så redd for ekstra bu-utgifter. For det første er det opp til kvart burettslag å bestemme kva for ekstra utgifter laget tar på seg. Og for det andre så er den økonomiske situasjonen litt annleis når du har passert 50, smiler ho.
Fireroms husvære på Nybømarka har ein totalpris på 2,55 millionar kroner.
Men kjøparane har så langt berre betalt 1,02 millionar kroner. Kontantdelen ligg med andre ord på 40 prosent. Når alle husvære er selde, kan eigarane velje å betale inn eit større innskot. Då vil fellesutgiftene bli redusert tilsvarande. Men dei kan også nøye seg med innskotet på ein million kroner.
Fellesutgifta ligg på 8.720 kroner for månaden, men den vil kunne gå ned i takt med rentenedgangen.
Av Per Kjetil Jørgensen, 05.03.09, Sist oppdatert: 16.10.09 kl. 08:29
|