Meld deg inn!
Hjem  
Aktuelt Selge bolig Kjøpe bolig Burettslag Medlemskap Medlemsfordeler Om oss

Tatt bort bommen mellom Førde og Florø

OPNAR VEGEN: Bommen mellom Førde og Florø skal fjernast om eit år. Direktør Otto Wiger frå SFBBL og dagleg leiar Magnar Nilssen frå FBBL har "tjuvstarta" på vegopninga.
Foto: Per Kjetil Jørgensen.
Vi har "tatt bort" bommen mellom Førde og Florø. No er det BOiVEST som er boligbyggelaget både i Førde og i Florø, og elles i det meste av Sogn og Fjordane fylke.
 
 
BOiVEST organiserer 87 burettslag i 17 forskjellige kommunar. 28 av burettslaga er i Førde og 24 i Florø. Oversikt over dei tilknytte laga, også med kartreferanse, finn de her.
 
Vi hadde i utgangspunktet ønske om å ha med Årdal Boligbyggelag og, men generalforsamlinga i Årdal vende tommelen ned for å vere med i fusjonen. 
 
 
 
 
  
 
Sunnfjordregionen har etter kvart blitt eit felles arbeids- og buområde, og sett vidare i lys av dei endra rammeføresetnadane som følgjer m.a. av dei nye burettslovene, var tida no moden for å etablere eit felles boligbyggelag - BOiVEST. SFBBL og FBBL blir deretter nedlagde, men vi tar med oss over 60 års historie og erfaring inn i det nye laget.  
 
Det er to likeverdige partar som har søkt saman til felles beste, og det nye laget vil ha kontor i både Førde og Florø. 
 
Rasjonaliseringsgevinsten skal vi ta ut gjennom auka aktivitet. Eit av måla med samanslåinga er å verte betre rusta til å utvikle nye byggeprosjekt, og i den samanhengen ser vi eit særleg stort vekstpotensiale i Nordfjordregionen. 
 
Også i Sunnfjord reknar vi med vidare vekst, og den aktivitetsauken som er venta næringslivet i Flørø i tida som kjem, fører til at det blir eit av satsingsområda. Det første prosjektet som blir sett i gang av BOiVEST, blir såleis eit nybygg i Markagata 44-46 i Florø, med 18 leilegheiter. 
 
 
 
 
Foto: Per Kjetil Jørgensen.


09.10.08, Sist oppdatert: 19.03.09 kl. 14:59