Meld deg inn!


Hjem  
Aktuelt Selge bolig Kjøpe bolig Burettslag Medlemskap Medlemsfordeler Om oss

Enklare å gå frå leige til eige i burettslag

NY LOV gjer det enklare å gå frå leige til eige i burettslag. (Foto: Husbanken)

Endring. Etter lovendringa i Burettslagslova, vedteke av Stortinget 1. april 2008, kan kommunen selje ein kommunalt eigd bustad i burettslag til leigar utan at forkjøpsretten kan gjerast gjeldande. Ei tilsvarande endring er vedteke i eigarseksjonslova.

Modell. - Etter endring i Burettslagslova er dei juridiske rammene på plass som gjer mogleg overgangen frå leige til eige i burettslagsleilegheiter som kommunen eig. Dette har vore vesentleg å prøve ut i samarbeidsmodellen  mellom Bergen kommune, bustadbyggjelaga i Bergen og Husbanken, seier seniorrådgivar Olav Ohnstad i Husbanken Region vest.
 
Fornuftig? - Kommunane må sjølvsagt i kvart tilfelle, vurdere nøye om det er fornuftig bustadpolitisk å overføre bustadar til leigetakarane og at dei har føresetnader for å klare dei økonomiske pliktene, seier Ohnstad.
 


04.06.08, Sist oppdatert: 06.06.08 kl. 08:37