Meld deg inn!
Hjem
Aktuelt Selge bolig Kjøpe bolig Burettslag Medlemskap Medlemsfordeler Om oss

Demokrati og ansvarsdeling

Kvart år blir det halde generalforsamling i burettslaget, der andelseigarane går gjennom rekneskap, og stemmer over forslag til utbetringar. Generalforsamlinga vel og eit styre, som tek seg av den daglege drifta av laget.
 
Hovedregelen er at burettslaget i fellesskap bestemmer alt utvendig, det vil seie om fellesareal, bygningar og tomt. I din eigen leilegheit kan du innreie og pusse opp slik du vil, så lenge du ikkje gjer inngrep i bærande konstruksjonar, fellesanlegg eller sluk. Du bør likevel uansett kontakte styret, særleg dersom du skal modernisere badet.
 
Når det gjeld vedlikehald og oppretting av skader er det ei tilsvarande ansvarsdeling. Burettslaget har felles forsikring som dekker bygningar mot brann, vasskadar og liknande. Burettslaget har ansvar for ytre vedlikehald, som for eksempel fasade, tak, ytterdører, fellesinnganger og utskifting av heile vindauger med ramme. Dersom noen knuser ruta, må du sjølv erstatte den. Det same gjeld tap etter innbrot og andre skader som berre vedrører din leilegheit. Derfor treng du innbuforsikring. 
Sjekk medlemsfordelane for tilbod på blant anna forsikring.  Medlemsfordeler
 
I vedtektene til burettslaget er det meir detaljerte reglar om ansvarsdeling.
 


08.05.08, Sist oppdatert: 20.05.08 kl. 20:17