Dugnadsdom - andelseigar måtte betale for manglande beising.
Andelseigarane har fått valet mellom å utføre arbeidet sjølv, eventuelt ved å leige inn hjelp og koste dette sjølv, eller å overlate til burettslaget å gjere arbeidet.
Etter Thor Eek til bladet BO
I eit burettslag på Romerike vart det vedtatt på generalforsamlinga at andelseeigarane skulle beise sin eigen bolig på dugnad. Burettslaget stilte med beis. Det vart understreka i vedtaket at det var opp til den enkelte andelseigar å gjere arbeidet sjølv, eller å leige inn hjelp for å få det gjort.
Det ble sett ein frist for kor tid beisinga skulle vere fullført. Det vart og informert om at dersom ein ikkje heldt fristen, ville arbeidet bli sett bort til eit malerfirma, og andelseigarane ville bli belasta for kostnadene. Ein av andelseigarane beisa ikkje boligen sin og burettslaget engasjerte eit malarfirma. Rekninga kom på kr 18.848,-. Burettslaget betalte beløpet og kravde refusjon frå andelseigaren. Andelseiegaren nekta å betale og burettslaget saksøkte andelseigaren.
Retten si vurdering
Lagmannsretten peikte først på at burettslaget og andelseigaren var einige om at det er burettslaget som har ansvar for det ytre vedlikehaldet. Partane var vidare einige i at burettslaget ikkje kan kreve å få dekka vedlikehaldskostnader på annen måte enn gjennom husleiga. Lagmannsretten peikte og på at partane har vore einige i at det ville vere mulig å yte dei andelseigarane som hadde gjort sin del av dugnaden, eit honorar som sto i forhold til burettslaget si innsparing. Det siste har vore den vanlige ordninga for å sørge for at det har blitt ei rettferdig behandling av dei som deltar, og dei som ikkje deltar på dugnaden.
Lagmannsretten uttaler til dette at den ikkje kan sjå at det er noen gode grunnar som talar for at ei ordning med redusert husleige
for flertalet som deltar i dugnad, rettslig sett skal vurderast annleis enn ei ordning der dei som ikkje deltar, får auka husleige ein periode for å dekke inn kostnaden.
Retten legg betydelig vekt på at det er ein praktisk framgangsmåte. Retten peiker på at der det er eit lite mindretal som ikkje ønskjer å ta ansvaret sjølv ved å gjere dugnadsarbeidet, men i staden overlet til burettslaget å gjennomføre beisinga, må burettslaget sin kostnad til beising kunne krevast refundert i husleiga frå dei som ikkje har gjort sin del av dugnaden.
Dersom ein ikkje åpnar for ein slik ordning, er det lagmannsretten sitt syn at ein vil stenge for praktiske ordningar der andelseigarane får muligheit for å ta sin del av det ytre vedlikehaldet med dugnadsinnsats, noe som det er lang tradisjon for i burettslag. Lagmannsretten kan heller ikkje sjå at dette strir mot dei grunnleggjande likskaps- og likebehandlingsprinsipp som skal gjelde i eit burettslag.
Valmuligheit
Vilkåret må vere at alle andelseigarane har fått valet mellom å gjere arbeidet sjølv, eventuelt ved å leige inn hjelp og koste dette sjølv, eller å overlate til burettslaget å få arbeidet gjort mot senare auke av felleskostnadene. Slik valmuligheit hadde andelseigarane i burettslaget fått.
Konklusjon
Lagmannsretten konkluderte derfor med at andelseigaren måtte dekke burettslaget sine kostnader til å engasjere eit malarfirma for å beise boligen hans. Dekninga skulle skje ved auke av husleiga, og innkreving av beløpet med renter skulle fordelast over 4 år.
Dommen gjaldt ei sak etter den gamle burettslagslova, men den vil også ha full gyldigheit etter gjeldende lov. Det betyr heller ingen ting at det handlar om auke av husleiga. I dag vil dette i staden vere auke av felleskostnader.
Brukast med varsemd
Dommen gir ei god veiledning på korleis eit burettslag kan opptre når ein ønskjer at andelseierne skal ta på seg eit større vedlikehaldsarbeid på boligen sin, organisert som dugnad.
Det er grunn til å peike på at ved dei alminnelige dugnadane i boligselskapa der rydding, raking, trimming av hekkar og trær og liknande er hovedoppgavene, vil det i mindre grad være aktuelt å nytte ei slik ordning med innkreving av en auka felleskostnader for dei som ikkje deltar. Her bør ein halde på at dugnaden er ein felles innsats for å ta vare på fellesareala, samtidig som dugnaden i seg sjølver ein viktig sosial aktivitet i boligselskapet. Det gir bebuerne felles identitet og stolthet for sitt eige bumiljø.
|
Dommen ble avsagt 9. november 2006 av Eidsivating Lagmannsrett.
|
05.06.07, Sist oppdatert: 22.05.08 kl. 09:48
|