I kø for å bli med i sikringsfond
Burettslag står i kø for å sleppe inn i Borettslagenes Sikringsfond. I dag utgjer fondet 54 mill. kr, men målet er å nå opp i 70-80 millionar. Det opplyser avd. direktør Thor Eek i NBBL til Aftenposten.
Stramar inn. Eek opplyser samtidig at ein ønsker å strame noe inn overfor nye lag som ønskjer å komme inn.
Alle burettslag som er tilknytt eller blir forvalta av eit boligbyggelag som er medlem i NBBL, kan sikre seg i Borettslagenes Sikringsfond. Medlemskap kan enten teiknast individuelt av dei enkelte burettslaga, eller kollektivt gjennom boligbyggelaget dei høyrer til.
Innskotsgraden. Ordninga er ei sikring mot at dei som bur i eit burettslag ikkje skal bli ansvarlige for fellesgjelda til naboen. Det vil seie at dei ikkje må dekke eventuelle kostnader som følgje av manglende innbetalingar av felleskostnader frå andre andelseigarar.
Ifølgje avd. direktør Thor Eek i NBBL medfører innstramninga overfor nye lag som ønsker å komme inn i Sikringsfondet, bl.a at burettslag som er tilknytt eit boligbyggelag skal ha ein innskotsgrad på 20 prosent, medan frittståande burettslag treng minst 25 prosent.
Skal bli større. Eek understrekar overfor Aftenposten at sikringsordninga har lav risiko fordi det er så mange gamle burettslag med lite fellesgjeld og lave felleskostnader som er med i ordninga.
- I dag utgjer fondet 54 millionar kroner, men målet er å komme opp i 70-80 millionar kroner, eller halvannen prosent av dei budsjetterte felleskostnadene, opplyser Thor Eek til Aftenposten.
28.02.08, Sist oppdatert: 21.05.08 kl. 22:37
|