Avtalegiro
Med AvtaleGiro lar du banken din ordne betalinga for deg på forfall. Da slepp du strevet med å ordne betalinga sjølv, samtidig som du har like god oversikt over betalinga og kontoen din som før. Med AvtaleGiro har du og muligheit til å stoppe betaling, om du skulle ha bruk for det. På kontoutskrifta, på kontofonen eller i nettbanken kan du enkelt kontrollere at felleskostnadane er betalt.
Last ned skjema for avtalegiro, skriv inn navn, adresse, kontonummer, beløpsgrense og burettslag. Signere avtalen og send den til BOiVEST.
Beløpsgrense bør du sette litt høgare enn felleskostnadane som gjeld, slik at du slepp å sende ny avtale ved ein evt. regulering av felleskostnadane. Det blir uansett ikkje trekt meir enn dei fastsette felleskostnadane.
24.11.04, Sist oppdatert: 14.10.08 kl. 09:11
|